Me gjer det ilag

Kva er det som knyter oss til staden me bur, gjer at me trivest og kjenner oss heime? Viktigast er nok menneska rundt oss, at me kan kjenna oss som ein del av flokken (bygda). Då er det også viktig å vera med på aktivitetar og hendingar som gir oss felles opplevingar, me gjer noko ilag. Under menyen «KVA SKJER», legg me opp til å informera om ulike aktivitetar som skjer i bygda vår. Både små og store hendingar er av interesse. For at denne sida skal vera aktuell å klikka seg inn på, må sida vera oppdatert. For å oppnå dette, er me avhengig av å vita om det som skal skje.

Derfor ynskjer me at DU og laget ditt melder aktuelle hendingar inn til redaksjonen.

Denne sida er under utarbeiding

Bygdamøte mai 2022

Bygdamøte mai 2022

RGU inviterer til bygdamøte i Rubbhallen. Det er tre år sidan sist og me gler oss til å møtas att. Håpar det vert ein god miks av unge og eldre. Ingen påmelding – det er berre å koma.

Trafikksikring

Trafikksikring

I dag har me i RGU, FAU, Rubbestadneset skule og kommunen hatt møte om trafikksikring i bygda vår. Der har me diskutert og kome med innspel til korleis me kan gjera skulevegen tryggare i Rubben. Dette er noko me i RGU har jobba for lenge, men det har ikkje vert lett å...

TV-aksjonen 2021

TV-aksjonen 2021

Bli bøssebærar! Årets TV-aksjon går til Plans arbeid for å bekjempe barneekteskap.Målet er at alle husstander skal få besøk den 24 oktober. Til det treng me 20 bøssebærara.Tidspunktet for bøssebæringa er mellom klokka 15:00 til 18:00 søndag 24.oktober.Er du under 18...

DET ME GJER ILAG VISER IGJEN!

Stongarvågløypa er eit godt døme på felles innsats. Ein veldig fin rundtur du kan gå tørt, mest uansett ver!