Velkommen til

Rubben!

HEIMA PÅ RUBBESTADNESET

Bygda vår er oss! Og det fine med det er at då kan me skapa den framtida me sjølv vil! Nå har me lyst til å høyra kva du synest er fint. Kva ønsker du skal skje i Rubben og ikkje minst, kva har lyst DU til å vera med og få til! I prosjektet LivOGLyst har me ein del ressursar som kan vera nyttige for dei som har gode idear/planar for aktivitet i bygda.

Midt på framsida ser du ein konvolutt. Har du idear/tankar om kva som kan vera positivt for bygda, skriv nokre ord om dette og send inn til oss i LivOGLyst så vil me hjelpa til med å realisera.

Her er meir om det me ynskjer å få til!

NÆRINGSLIV I RIVANDE UTVIKLING

Rubbestadneset har vore ein industristad i over hundre år. Industrieventyret starta med Wichmann Motorfabrikk (1903-78) med over 500 tilsett på det meste. Mot slutten av 1900-talet og fram til i dag opplever me ei fantastisk knoppskyting med vekstbedrifter med produkt i verdsklasse. Det unike samarbeidet mellom næringsliv, skule og samfunn har resultert i nye, spennande høve til jobb! Det er positive utsikter for bygda vår!

FLEIRE BYGDER I BYGDA

5420 omfattar byda vår heilt frå Rolfsnes til Innvær. Også næringslivet er spreidd utover til Brubakken og Ternetangen.

FAGFOLK & TEKNOLOGIUTVIKLING

Dyktige folk i mange fag samarbeider og utviklar verdsleiande teknologi i bygda vår. Me byggjer mellom Unitech Teknologisenter der også ungdomen vår får vidaregåande utdanning innan teknisk industriell produksjon, elektrofag, automasjonsfag, maritime fag og havbruksfag.

TRIM og TUR

Det er mange høve til å trimma i Rubben. Den populære Stongarvågen rundt (4.6 km) er ei av turløypene me er svært stolte av, laga på dugnad av bygdafolket. Elles kan du lesa om alle aktivitetstilboda me har for alle aldersgrupper på her på nettsida.

Rubbestadneset Grendautval – RGU

RGU er til for deg og bygda. Me arbeider for at Rubben skal være ein god plass å bu og at næringslivet blømer. Som talerøyr for bygda vår treng me ditt innspel!