I dag har me i RGU, FAU, Rubbestadneset skule og kommunen hatt møte om trafikksikring i bygda vår. Der har me diskutert og kome med innspel til korleis me kan gjera skulevegen tryggare i Rubben. Dette er noko me i RGU har jobba for lenge, men det har ikkje vert lett å bli høyrt. No håpar me det skjer noko! Me treng nye overgangar og betre lys for at Rubben skal bli trafikksikker. Me har ingen å mista!