Om Rubben

Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune, Hordaland. Det ligg på nordaustsida av øya Bømlo og har 1235 innbyggjarar (2018). Bygda ligg ca. 7 km. frå kommunesenteret Svortland. Her ligg det einaste hotellet på Bømlo, i tillegg er det ein matvarebutikk, gatekjøken og tannlege. Rubbestadneset har fleire større industribedrifter med tradisjonar tilbake til starten av 1900-tallet (Wärtsilä Norway, tidlegare Wichmann Motorfabrikk AS). Her ligg mange små og store bedrifter som stort sett rettar seg mot maritim næring, aquakultur, oppdrett og olje- og gassnæringa.

I Rubbestadneset er det også ein vidaregåande skule for yrkesfag, barneskule, SFO ordning, barnehage, idrettslag, båtlag, bedehus osb. Det er sett I gang ei stor utviding av industriområdet, med ny vidaregåande skule og stort kompetansesenter for utvikling av nye næringar.

Det er lite statistikk for Rubbestadneset, men om ein legg til grunn same demografi som heile kommunen, er det en overvekt gutar og menn på rundt 5% i aldersgruppa 15 til 75 år. Som nemnt er det nokre større bedrifter (Wärtsilä, Westcon Olvondo, LOS Gruppen, Siemens, Unitech) og mange mindre (Matre, Servogear, Amundsen Diving, Ellingsen Transport, BTech, Best Marine-Innvær Plast) for å nemna nokon. Mange av desse bedriftene har sitt utspring frå Wichmann Motorfabrikk som starta opp i 1903.

Rubbestadneset Grendeutval (RGU) ble starta i 1996 etter at Rubbestadneset Vel vart avslutta. RGU er bygdefolket sin kanal inn mot Bømlo Kommune, næringsliv, skular, og skal være ein paraply for resten av lag og organisasjonar på Rubbestadneset. RGU har kontorlokale i internatbygget til RVG.

Rubbestadnes Idrettslag ble starta i 1931, som eit av dei fyrste i Sunnhordland. Dei eig i dag ein allbrukshall, kunstgrasbane, hytte på Stord-fjellet, bl. a. Medlemstalet ligger rundt 500, og aktivitetane er fotball, badminton, styrkerom, kendo, spinning, trim for eldre, trim for barn for å nemna nokon.

Rubbestadneset Båtlag blei stifta 1964 og har hamn i Katthola. Her er det flytebrygger og utriggarar til ca. 100 båtar.
Elles er det Rubbestadneset Kvinne og familielag, Veteranlaget Wärtsilä Wichmann, KFUK/KFUM, Søndagsskule, Bedehuset, og et titals velforeiningar.

ME HAR DET I BLODET

Det er ei lang rekke dyktige fagfolk og bedriftsleiarar som har gjort det mogleg å føra industrielle tradisjonar vidare i Rubbestadneset. Med god ballast frå vår vidaregåande skule har nye produkt og oppfinningar gitt levebrød til arbeidarar og familiane deira i over hundre år. Denne tradisjonen fører me stolt vidare!

Historia

Wichmann Smia

Museet er todelt. Der eine delen er ei samling av Rubb- og Wichmann motorane frå 1903 til om lag 1956, og den andre delen er ein nøyaktig rekonstruksjon av smia der motorar og delar til desse vart produsert. Smia kan og nyttast til kurs og opplæring for å kunna vidareføra og halda levande det gamle smedfaget.

Den fyrste motoren

Det var Haldor, son til Martinus Haldorsen som byrja det som i dei siste 70-80 åra har vore den største industriarbeidsplassen på Bømlo. Martinus Haldorsen bygde i 1878 ei smie i Rubbestadneset etter smedlæretida si på Fitjar. Der dreiv han ein liten vognhjulsfabrikk i tillegg til smia si.

All transport av folk, post og varer til og frå vognhjulfabrikken gjekk føre seg med segl- eller robåt, og Haldor, son til Martinus, var skysskar. Det var på desse lange ro-turane i regn og motvind at han på ungdoms vis tok til å drøyma om anna drivkraft enn berre segl og årar.

Rubbmotoren

I 1903 hadde han som 17-18 åring konstruert ein 1-sylindra 2-takts glødemotor med ei yting på 2 HK, og det gjekk etter kvart rykte om at ein laga motorar i smia til Martinus Haldorsen. Ut frå denne smia vaks det etter kvart ei verksemd som i dag er den største industriarbeidsplassen på Bømlo, og Rubb-motoren med sin spesielle lyd vart eit omgrep langs heile Norskekysten. Smia vart reist nede ved sjøen i 1912-13 og var i bruk like fram til 1988. Då vart ho riven ned, flytta og bygd opp att der ho no står som eit levande museum både om motorane og personlegdomane som endra livsførsla til det betre for heile distriktet vårt.

Rubbestadneset har og kommunen sin einaste snøggbåtkai. Det er eit viktig samband til og frå Flesland og Bergen i nord og Stord i sør. Her er 4 nordgåande og 4 sørgåande hurtigbåtar dagleg.