Rubbestadneset grendautval

RGU er ein partipolitisk uavhengig organisasjon og skal vera bygda sitt talerøyr i ein del saker som gjeld fellesskapet. RGU skal jobba for alle innbyggjarane i bygda vår som omfattar heile 5420. RGU skal også ha god kontakt med kommunen i mange saker som gjeld bygda. Me skal også vera ein pådrivar for å få sett i gang prosjekt til gode for alle. RGU skal også ha eit godt samarbeid med andre lag og organisasjonar og ikkje minst bedriftene våre!

LIV OG LYST

Prosjektet LivOGLyst er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkeskommen, Statsforvaltaren og Innovasjon Norge Vestland. Prosjekt som har eksistert i over 10 år. LivOGLyst er eit program og nettverk for dei som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet sitt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.

I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har «nedanfrå og opp» som grunnhaldning. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.

Rubbestadneset Grendautval (RGU) søkte om deltaking i prosjektet i 2020 og fekk positivt svar. Prosjektet går over 3 år med ei årleg økonomisk ramme frå Fylkeskommunen på 100 000 kroner. I tillegg har Bømlo kommune forplikta seg til å bidra med 30 00 årleg. Desse pengane kan ikkje nyttast til «spikar og plank», men til ulike støttetiltak som eksperthjelp, kurs/kompetanseheving, informasjonsarbeid osv.

RGU har sett ned ei arbeidsgruppe som jobbar med prosjektet. Følgjande er med i arbeidsgruppa: Tone Baugstø (leiar), Lasse Breivik, Lars Magne Halleraker, Marte Gjestemoen, Sondre Austbø og Hans Arnevik.

 

TA GJERNE KONTAKT MED OSS!

Me i grendautvalet ynskjer at du tar kontakt om det du ynskjer som gjeld bygda. Liv OG Lyst-programmet er nettopp til for å mobilisera alle gode krefter slik at staden me bur kan bli attraktiv og kjekk for alle som kjem hit eller bur her.

Epost

post@rubben.no