Bygdamøte – 10. mai 2022 kl 18:00

Rubbestadneset Grendautval (RGU) inviterer til nytt bygdamøte i Rubbhallen. Det er no tre år sidan sist og me gler oss til å møtas att. Håpar det vert ein god miks av unge og eldre. Ingen påmelding – det er berre å koma.

Agenda for kvelden:

• Me vil presentere styret i RGU, LivOGLyst og nokre av dei som er med i dei ulike prosjekta.
• Me vil fortelje om det som er utført sidan sist
• Me skal dele ut pris til Årets Rubbar
• Skal snakke om mangel på trafikksikring i Rubben
• Me skal vise den nye heimesida vår www.rubben.no
• Kommunen vert med og vil informere litt om samarbeidet med RGU
• Og me ynskjer ein god drøs om ting som opptek bygdafolket.

Det vert også tid for mat.

Styret i RGU

 

Last gjerne ned plakaten og spre ordet. Velkommen!