Er du fysisk aktiv eller har du helst berre lyst til å bruke fritida di på å vere saman med andre, prate, eller spele spel? Å spele instrument i lag med andre er òg kanskje noko du har lyst til? Eller kjenner du berre at det hadde vore fint å vite om kor du kan gå og treffe andre? Alle, små og store, treng ein plass å «høyre til». På Rubbestadneset har friviljuge, gjerne gjennom lag og organisasjonar, i årevis stått på for å gje barne og unge i bygda ei aktiv og meiningsfull fritid. Dei ønskjer deg velkommen! Sjå litt vidare på denne sida, kanskje du finn ein aktivitet som høver for deg?

Tilbod til barn & unge

Bak desse lenkjene finn du informasjon om ulike aktivitetar du kan delta i på Rubbestadneset. Her er m.a. tilbod innanfor idrett, musikk og aktivitet i regi av bedehuset.

KORPSET

Bømlo skulekorps øver på Rubbestadneset skule/Svortland skule ei gong i veka. I tillegg har elevane gruppetimer med lærar på sitt instrument i Bømlo kulturskule. Tilbode er for barn og unge i alderen 7-19 år. Det er eit godt korps med flinke og kjekke musikantar der alle tek vare på alle, ingen får plass på reservebenken.

Ungdomsklubben Varden

Held til på Rubbestadneset bedehus. Tilbodet er for ungdom frå 8. klasse.

IDRETTSLAGET

Rubbestadnes Idrettslag (RIL) har fleire  gode tilbod til barna: Fotball, badminton, turn og anna.

Dei held til i Rubbhallen. Sjå meir på laget sine heimesider med å trykka på knappen under.

SØNDAGSSKULEN

I regi av bedehuset. Blir arrangert i samband med pizzakveld. Tilbodet er for barn i førskulealder i lag med ein vaksen. Her er song og leik.