
Målet er at alle husstander skal få besøk den 24 oktober. Til det treng me 20 bøssebærara.
Tidspunktet for bøssebæringa er mellom klokka 15:00 til 18:00 søndag 24.oktober.
Er du under 18 år må du gå i fylgje med ein vaksen. Ynskjer du å gå i saman med ein venn, held det at ein av dykk registere dykk som bøssebærar. For å melde deg som bøssebærar send mail til post@rubben.no eller send melding til Rubbestadneset grendautvalg si Facebookside.
Med årets TV-aksjon skal me nå ut til tre millionar mennesker for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. Me skal jobba for at jenter får bli på skulen, at born, unge og eldre får opplæring i jenters rettigheter og i likestilling og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort. Barn skal få være barn, ikkje brud.