Førti helikopterturar frå Brubakken og ut i Stangervågsløypa med omlag 60 tonn grus tok ein time og 15 minutt. Det virka som det ikkje tok noko særleg lengre tid for dugnadsgjengane å dra grusen ut av sekkjene og rundt i løypa. Ein formidabel innsats er lagt ned og løypa er no tilbakeført til den standarden ein skal ha.