Det var heller ikkje lov til å gå i 17. maitog i år heller! Kreative folk laga då til bilkortesjar og båtkonvoi. Knall ver og fin temperatur. Korpset starta dagen med å spela på Arhaugen før dei fortsette å spele på ulike stader på Rubben. På hurtigbåtkaien var det samla mange veteranbilar, amerikanarar, motorsyklar og «vanlege bilar» som alle var pynta med bjørkeris og flagg. Kortesjen starta rundt kl. 11.00 og kjørte i tog rundt Bømlo. Kl. 16:00 gjekk startskotet for ein båtkonvoi med rundt 60 båtar. Konvoien starta frå indre Stangervågen som gjekk til Røyksund og retur.

Redningsskøyta var som i fjor også med. Hurtigbåten som gå mellom Sunnhordland og Bergen helsa med flagg og vannkanoner.